1. Forsking på tid.

Tid har vore tema for ei mengd bøker, essays og artiklar innan vidt forskjellige vitskapar. Sjølv om me her skal sjå på historievitskapen, kan det vera nyttig å ha klart for seg at definisjonar og analyse av omgrepet like gjerne kan komma frå fysikk, filosofi, sosialantropologi osb. - og at dette kan, direkte eller indirekte ha påverka historikaren.

Tidsomgrepet er ikkje bare eit aspekt som historikaren må ta omsyn til for å setta seg inn i andre tiders tankegang - det er også noko som påverkar historikaren direkte. Han vil kunna vera påverka av gjeldande normer for tidsdefinisjonar, særleg dersom slike er nedfelte i metoden som paradigme. Nedanfor skal me sjå nærare på korleis tid er blitt omhandla av filosofar, naturvitskap/fysikk og samfunnsvitarar/historikarar. Merk at inndelinga er kunstig - problemet er i alle høve vitskapsfilosofisk. Inndelinga er valgt fordi omgrepet tid får forskjellig vinkling i dei einskilde vitskapar, men overgangane er glidande, og resultat frå eit område kan ofte nyttast på eit anna, ikkje minst samfunnsvitskap og historie. Merk også at det fylgjande er avgrensa til det vestlege kulturområdet. Tankegangen som gjer seg gjeldande her har ikkje nødvendigvis vore tilstades i andre kulturar, som kan ha til dels sterkt avvikande førestellingar og teoriar om tidsomgrepet.


1.1 Tid som filosofisk problem

Filosofar har arbeidd med tid som tema i årtusen. Platon (427-347 f.v.t.) og Aristoteles (384 - 322 f.v.t.) arbeidde med problemet, og dei er eit naturleg utgangspunkt for denne korte oversikten. Ikkje fordi desse var dei fyrste til å diskutera problemet - det var dei ikkje - men fordi deira posisjon i vestleg tenking har ført til at problemstillingane dei tar opp blir diskuterte framleis. I Platons kosmologiske verk Timaeus blir tid det som skil det reelle univers frå det ideelle, som det originalt er tenkt av ein guddommeleg skaparkraft. Endringane i universet, som ikkje er til stades i den guddommelege modellen, er det som kjenneteiknar tid. Platons konklusjon er med andre ord at tid er avhengig av universet, og dermed ikkje eksisterer i seg sjølv. Tida er produsert av universet.

Aristoteles godtok ikkje Platons konklusjon. I Physica argumenterer han mot denne ved å hevda at tid ikkje kan identifiserast med rørsle eller endring, etter di rørsle og endring er definert av tid, og tid kan ikkje definerast ved hjelp av seg sjølv. Han ser det som ein tautologi. Likevel ser tid ut til å vera avhengig av endring/rørsle. Aristoteles' univers (og det klassiske generelt) er kjenneteikna av at det er statisk. Rørslene i universet - banar til planetar og stjerner - gjentar seg. Den klassiske oppfattinga av tid kan seiast i hovudsak å vera syklisk.

Augustin (død 430) meinte at omgrepa tid og rørsle måtte skiljast meir frå kvarandre enn Aristoteles meinte. Særleg protesterte han mot å korrelera tid med rørslene til himmel-lekamane, sidan tida fortsatt vil vera til stades dersom himmelsfærene stod stille. Både rørsle og stillstand blir målt og definert med tid. Slik sett er Augustin meir på line med Platon når han hevdar at omgrepa tid og univers ikkje er moglege å skilla, fordi båe konsepta er gjensidige føresetnader for kvarandre. Men i staden for Aristoteles' assosiasjon til rørslene, vendte Augustin seg til seg sinnet som standard for tid. Det er inntrykket hendingane etterlet i sinnet me måler. Bare inntrykket står att etter at hendingane er over. Men også framtida er til stades i sinnet, i form av forventning, på same måte som fortida er til stades som minne.

Kant (1724 - 1804) såg også på tid som ein grunnleggande tilstand for sinnet, nærmast ein føresetnad for sinnets eksistens. Bare det menneskelege sinnet har høve til å konstruera idéar om tid. Dette skil mennesket frå dyra. Tida er hos Kant eit produkt av menneskelege mentale konstruksjonar. Mennesket må læra alle medvitsmønster frå sin eigen erfaring. Derfor må våre idéar om tid og rom vera mentale konstruksjonar som er tillært gjennom ein prosess, i motsetnad til dyr som har innebygde, preprogrammerte mønster.3

Heidegger, i Sein und Zeit er sameleis opptatt av det menneskelege sinnet og måten tid blir oppfatta på. Mennesket er til dagleg, i sine gjeremål, framføre seg sjølv ("sich vorweg")4. Framtida er allereie til stades i nåtida, ikkje bare som ynskjetenking, men som sjølve eksistensen ("sein") av menneskeleg tilvære. Tida, eller handlingane i tida, må ein sjå på som ein heilskap - i den menneskelege hjerne er all tid (fortid, nåtid, framtid) til stades5, men det er særleg framtida som blir vektlagt med omsyn til handlingane som blir utført. Mennesket er framtidsretta i alle sine gjeremål.

Tid som historie har sin eigen filosofiske tradisjon. I det 19. århundre blei det meir og meir vanleg å legga vekt på historia som ein kontinuerlig endringsprosess, ofte popularisert frå Darwins teori om biologisk evolusjon til å dreia seg om framskritt. Likevel kunne historiesyn ofte gi inntrykk av å vera basert på ein idé om at tida har ei byrjing og ein slutt, slik som det i kristen tankegang særleg i mellomalderen var vanleg å sjå tida som eit gudsverk, der skapinga, lidinga og komminga av eit tidlaust Guds rike var heile historia, og heile tida. Ikkje ulikt dette var Karl Marx' teoriar. Hans historiesyn var bygd på Hegels teoriar om tese, antitese og syntese; dvs. tre påfylgjande stadie i historia: frå "urkommunisme" i steinaldersamfunn, via klassekamp til den klasselause kommunismen. Konsekvensen av eit slikt historiesyn er at tida blir fiksert, framtida avgjort på førehand. Det er kanskje difor at kommunisme av mange blir sett på som ein slags religion; vestleg religion har ein tendens til å operera med eit omgrep for tid som er avgrensa i "båe endar". Dermed er alt eigentleg ordna, ein får ei vektlegging av "evige sanningar". Marx' teoriar er likevel spesielle i høve til den kristne tankegangen, i det at dei er mest konsentrert om sjølve den dialektiske prosessen som fører fram til "målet".

Den filosofen som oftast får æren av å flytta vekta over frå "evige sanningar" til "kontinuerlig prosess", frå det å "vera" til det å "bli til", er Henri Bergson (1859-1942). Hans teoriar, fyrst kjent i doktorgradavhandlingen Essai sur les données immédiates de la conscience, var på mange måtar radikale. For Bergson var røynda ikkje det å vera eller å endra, men den kontinuerlige prosessen av endring i seg sjølv, som han kalla la durée. Han skil mellom rommet som er homogent, fastlagt, og tida som er heterogent dvs. ikkje mogleg å dela opp i like delar - det går ikkje å dela tida opp for å måla henne bortsett frå ved bruk av romlege symbol som visarane på ei klokke. Visarane på klokka seier lite om opplevd tid, som ikkje er målbar. I rom er det faste relasjonar, ikkje i tid. Difor er rom eit kvalitetslaust medium, ei verd av determinisme, medan tida er det medium som ber fridom i seg6. Det er her verdt å skyta inn at rommet i fylgje Newtons lover om rørsle og gravitasjon ikkje er statisk, og at Einsteins relativitetsteori i høg grad knyter tid til rom. Bergson opplevde å få sjå Einsteins teoriar endra fysiske paradigme, men meinte at opplevd tid ikkje kunne jamførast med tid i fysisk forstand, at fysikk ikkje kunne nyttast til filosofi.7 Dette har ikkje hindra andre filosofar i å ta omsyn til oppdagingar innan fysikk.

Filosofien har det siste århundre i det heile knyta tidsomgrepet til andre filosofiske problem, som handling/aktivitet, fridom, kausalitet. Handling eller aktivitet har innebygga tid, sameleis vil viljen til å utføra handlingar ofte vera knyta til om mennesket har ein fri vilje, og om det finst eit samband mellom dei forskjellige handlingane, kausale kjeder, ein årsakssamanhang. Filosofien har også fått sterke bidrag til definisjonar og analyser frå naturvitskapane, særleg fysikk. Her skulle det vera nok å nemna Einsteins relativitetsteori. Dei naturvitskaplege bidraga skal me sjå nærare på seinare [1.2]. Men før me gjer det, skal me prøva å syna meir konkret kva filosofien har bidratt med av definisjonar/kjennemerke på tid.

Det som går att som det sentrale særmerke på tid, er den asymmetrien som er tilstades mellom fortid, nåtid og framtid. Til dømes kan ei hending få noko til å endra seg, som gjer at det er skilnad på tilstanden før og etter hendinga (dessutan er hendinga i seg sjølv ein annan tilstand). Slike asymmetriar finst det mange av. Eit typisk døme på ein slik asymmetri er at me har eit minne om fortida, men ikkje om framtida. Dette fører ofte til at ein innan logikk vil setta rett/galt-stempel på utsegner som har med fortid og nåtid å gjera, men ikkje om framtid. Dette fenomenet, som eg vil kalla det filosofiske Asymmetri-paradigmet fører også automatisk til at ein reknar med at tida har ei retning. Kjensla av at tida går, frå nåtid til framtid, er sentral - den ber ikkje bare i seg eit minne om fortida, men óg ei kjensle av at det er mogleg å påverka framtida. Dette er fenomen som har blitt diskuterte sidan Aristoteles, som meinte at dersom ein skulle kunna unngå determinisme, så måtte ein modell for tida innebera eit "nå" i stadig rørsle, med eit utal "greiner" å bevega seg opp etter - fortida er fiksert som stammen på eit tre, men "nået" kan velga kva greiner på treet det vil flytta seg etter. Det er mange moglege framtider, medan fortida kan lokaliserast etter kor det rørlege "nå" har vore.

Asymmetri - paradigmet har vore jobba mykje med, og har m.a. vore utgangspunktet for å knyta tid nær til rom, i motsetnad til Bergson, som ville setta eit klart skille mellom desse to omgrepa. Likevel har dei fleste filosofar som har arbeidd med tid sett ein samanheng her - me såg at Platon og Augustin knyta tid til universet. Nyare filosofi har kome med teori på eit mindre omfattande nivå, dvs. ikkje "universet" men knyta i stor grad til menneskeleg persepsjon. Henri Lefvebre skriv i innleiinga til sitt hovudverk The Production of Space at det konseptet eller teoriane omgrepa rom, tid og energi ber i seg "can be neither conflated nor separated from each other"8. Tid og rom kan ikkje delast opp, men er ein produsert heilskap:
"The historical and its consequenses, the "diachronic", the "etymology" of locations in the sense of what happened at a particular spot or place and thereby changed it - all of this becomes inscribed in space. The past leaves its traces; time has its own script. Yet this space is always, now or former, a present space, given as an immediate whole, complete with its associations and connections in their actuality. Thus production process and product leaves themselves as two inseparable aspects, not as two separable ideas"9.
Det er mykje av den same tankegangen som får Michael Leyton til å komma med enkle, nesten slagordaktige definisjonar på tid og asymmetri i Symmetry, Causality, Mind10. Leyton tar utgangspunkt i at tid er form. Romlege objekt er sjølv tid: "shape equals the history that created it"11. Endring av ei form inneber ein asymmetri i høve til ein tidligare tilstand - form er å oppfatta som asymmetri i seg sjølv. Slik gir han fylgjande definisjonar: "Asymmety Principle: Asymmetry is the memory that processes leave on objects." Dette blir presisert: "An asymmetry in the present is understood as having originated from a past symmetry"12. Men om tinga i rom i seg sjølv ber i seg minne, er ikkje den menneskelege persepsjonen uvesentleg for det. Leyton ser persepsjonen som den prosessen menneska utfører for å attkjenna ("recover") romlege overflater, det som blir kalla computational vision. Dette omgrepet utvider Leyton med eit nytt omgrep, Radical Computational Vision. Her er ikkje målet med persepsjonen å attkjenna overflatene i romlege objekt, men å få klarlagt den kausale strukturen manifestert i overflatene. Gitt føresetnaden at tid er form, at tida er rommet, blir tida også avhengig av mennesket som bearbeider dei data rommet gir. Tida er også persepsjon. Historie er såleis avhengig av manifeste uttrykk i rommet, og blir avdekka med bruk av Radical Computational Vision, den persepsjonen som ser asymmetrien i romlege objekt.

Konnotasjonen til det firedimensjonale rom, fysikkens Space-Time Continuum, blir her tydeleg. Rommet blir ikkje målt ut frå ein Euklidsk tredimensjonal geometri, tida blir ein fjerde dimensjon. Nye måtar å tenka på i naturvitskap har heilt klar innverknad på filosofi. Det fører oss over på neste bolk, som omhandlar det naturvitskaplege tidsomgrepet.


1.2 Tid og naturvitskap

Spørsmålet om kva tid er har også innan naturvitskapen vore diskutert sidan den klassiske perioden. Det er eigentleg kunstig å setta opp eit skille mellom naturvitskap og filosofi her, ikkje bare fordi eit slikt skille ikkje fanst i den klassiske perioden, men fordi dei naturvitskaplege bidraga til definisjonar på omgrepet har vore så sentrale for filosofien i vår tid. Dessutan ville det vore lite rettvist ikkje å gi tenkjarar som Newton, Leibniz, Einstein og Hawking ein plass innan filosofisoga.

Når det her er tale om naturvitskap, er det fyrst og fremst fysikken som har bidratt med definisjonar og teoriar. Men ein kan trygt seia at biologien med Darwins evolusjonslære i 1859 fekk ei historie, og med det eit tidsomgrep. Dette hadde stor tyding for den ålmenne tankegangen når det gjaldt oppfattinga av jorda si alder. Den nedarva haldninga hadde vore at jorda var relativt ung13, noko dei hadde rekna seg til frå bibelen. Den aksepterte teologiske tidsrekninga kunne ofte skapa problem for vitskapsfolk, t. d. geologar når dei skulle rekna ut alderen til fossil. Whitrow skriv at "Bible-based chronology had already [17.århundre] become a severe strait-jacket for scientists studying the nature of fossils."14 Men med den såkalla opplysingstida kom også tvilen. I løpet av 1700-talet kom mange framlegg om alderen til jorda og universet, kanskje mest radikalt frå Kant, som meinte universet sin alder måtte reknast i hundrevis av millionar år15. Med Darwins The Origin of Species blei dette rekna som mogleg også for jordas vedkomande, noko som sjokkerte mange. Han blei ikkje bare imøtegått av dei klassiske teologiske innvendingane, men også av fleire fysikarar som hadde rekna ut at sola ikkje kunne vera så gammal som teoriane til Darwin kravde. Dette var det likevel ikkje vitskapleg konsensus om, og i dag reknar ein jo som kjent med at sola er ca. 4,7 milliardar år gammal. Darwins teoriar førte til eit heilt anna vitskapleg medvit om tida, det var revolusjonerande å sjå på utviklinga av jorda og dei biologiske artane som ein evolusjonsprosess. Darwins teoriar førte også til at humanvitskapane knyta seg nærare naturvitskapen på nokre felt - kunnskap om den menneskelege forhistoria som mogleg evolusjon frå apene gjorde arkeologiske utgravningar interessante som kjelder til naturhistoria, mellom anna for å få datert utviklingssteg. Leitinga etter den s.k. "missing link" har ikkje vore så fruktbar som Darwin kanskje kunne ynskja, men mykje naturhistorisk interessant har vore avdekka trass det.

Biologien har nok hjulpe til å framtvinga nye teoriar om tid ved å visa at jorda (og dermed universet) har ein mykje høgare alder enn tidligare antatt, og ved at det har utvikla seg som ein prosess. Men det er fysikken som har formulert definisjonane på tid, på bakgrunn av diverse observerte fysiske fenomen. Det som er særmerkt her, er at einskilde fenomen som utviklinga av gassar i ein tank (termodynamikk), elektromagnetisme, energiomforming osb. blir sett saman med universet generelt - det blir ofte satt likskapsteikn på tilhøvet mellom mikrokosmos og makrokosmos. Me skal her sjå nærare på kva definisjonar på tid me kan finna i fysikksoga.

Isaac Newton (1642-1727) nytta tid i sin Principia Mathematica (utgitt 1687) som den uavhengige variabelen han trong for å utforma sine teoriar om rørsle og gravitasjon. Dette gjorde at han unngjekk å gi kompliserte, mekanistiske forklaringar på dei fysiske fenomen han ville forklara. Han lanserte teorien om "absolutt, sann og matematisk tid", visstnok inspirert av Isaac Barrow i Geometrical Lectures (utgitt 1670). Newton såg tidspunkt som ein lineær, vedvarande sekvens som eksisterte uavhengig av alle hendingar og prosessar, og difor representerte den perfekte måleeininga ved forsøk. Ein slik idé om absolutt tid har blitt tungt kritisert, fyrst av Newtons samtidige, den vidgjetne Gottfried Wilhelm Leibniz. Han meinte at det er ingenting som hender utan at det er ein grunn til at det er slik anna enn motsett. Ut frå dette prinsippet hevda han at tid ikkje kan eksistera uavhengig av hendingar, etter di me utleiar tida frå hendingane, ikkje motsett. Av denne grunn blir Newtons idé om absolutt tid også i dag rekna som ein overflødig hypotese16. Men Newtons teoriar hadde større konsekvensar for oppfattinga av rom. Eksperiment med objekt i rørsle tyda på at det ikkje fanst noko absolutt rom - noko som tyder at rørsler blir avhengig av observatøren og den relative fart han har i høve til det som blir observert. Newton sjølv aksepterte ikkje at hans eigne teoriar medførte at idéen om absolutt rom ikkje stemte med observasjonane han gjorde, for det stemte ikkje med hans tru på ein absolutt gud17. Idéen om absolutt tid blei kanskje "redningsplanken", sjølv om denne hypotesen også skapte store problem for han18.

Den såkalla Leibniz' lov, som slår fast at identiske objekt har alle dei same eigenskapane, har ofte blitt sett som eit prov på at tidsreiser til eins eigen fortid er umogleg. Dette fordi dersom ein person A, med t.d. langt hår i 1993, drar attende til 1991 då han/ho hadde kort hår, dermed vil ha forskjellige eigenskapar enn A2 på det same tidspunkt, sjølv om det er same personen ("identisk objekt"). Slike tilsynelatande paradoks ved tidsreiser har derimot blitt vel argumentert mot av Paul Horwich, som hevdar at Leibniz' lov ikkje blir brutt ved slike døme. Det er bare ikkje tatt nok omsyn til forskjellige tider: eigenskapen "å ha langt hår" kan seiast å tyda "å ha langt hår på eit eller anna tidspunkt". Person A kan ha langt hår på eit eksplisitt tidspunkt t og kort hår på eit anna eksplisitt tidspunkt t119. Det er tid som relativ me her har med å gjera - den vidgjetne teorien til Einstein, som revolusjonerte synet vitskapen har hatt på tid opp til vårt århundre. Albert Einstein publiserte i 1905 eit lite manuskript som blir rekna som eit av dei viktigaste i det 20. århundre. Her får den Newtonianske idéen om absolutt tid eit endeleg oppgjer. Men viktigare enn det er at heile konseptet tid får eit heilt anna innhald enn det ein har vore van med tidligare. Einstein oppdaga eit problem ved det gjeldande paradigme for tid i fysikk, som gjekk ut på at for ein gitt måte å måla tid på, kan kvar hending bare ha ei tid forbunde ved seg, slik at hendingar som har same tida blir sagt å vera "samtidige". Sjølv om ein slik idé er klar når dette skjer på same stad, er det problematisk når to hendingar skjer på forskjellige stader. Det fører mellom anna til problem når ein skal rekna ut matematisk tilhøvet mellom to forskjellige elektromagnetiske signal. Einstein løyste dette problemet ved å innføra forskjellige, avskilte tider for kvart signal, basert på lysfarten. Denne er absolutt. Einstein baserte sin teori, seinare kalt den spesielle relativitetsteorien på det at lysfarten bør bli målt likt av alle observatører, same kva fart dei har. Kvar observatør må ha sitt eige tidsmål, t.d. ei klokke han tar med seg, men desse vil ikkje føra til det same resultatet - tida vil vera forskjellig alt etter kva fart observatøren har. Ei hending observert av to forskjellige observatørar som flyttar seg i høve til ein annan, vil bli notert forskjellig både med omsyn til tidspunkt og posisjon. Dette medførte at tidligare oppfattingar av tid og rom blei dramatisk endra. Som Stephen Hawking seier det: "Vi må akseptere at tid ikke er fullstendig avskilt fra og uavhengig av rom, men er kombinert med det slik at det utgjør det vi kaller tid-rommet"20. Tid-rommet (eng. Space-Time Continuum) er det fire-dimensjonale rommet, der punkt er hendingar. Å forestilla seg eit slikt rom er sjølvsagt vanskeleg, kanskje umogleg, men to- og tredimensjonale modellar blir nytta i fysikken for å illustrera det. T. d. blir ei lyskjegle brukt som modell:
"lyset som sprer seg fra en hendelse [danner] en kjegle i det firedimensjonale tid-rommet. Denne kjeglen kalles hendelsens framtidige lyskjegle. På samme måte kan vi tegne en annen kjegle som kalles fortidens lyskjegle som er det sett av hendelser hvorfra en lyspuls kan nå den gitte hendelsen"21.
Einstein hadde i den spesielle relativitetsteorien ikkje tatt omsyn til gravitasjon. Dette klarer han fyrst å bygga inn i teorien i 1915, med den såkalla generelle relativitetsteorien. Då hadde Einstein funne fram til at tyngdekrafta var ein konsekvens av at tid-rommet ikkje er rett, men bøygd pga. fordelinga av masse og energi. Slik går heller ikkje lys i rette liner, men blir bøygd av gravitasjonsfelt. Dette er seinare stadfesta av observasjonar. Dei konsekvensar for tid relativitetsteorien får ved å ta omsyn til gravitasjon, er også ganske spesielle: lyssignal misser energi (får lågare frekvens) i nærleiken av stor masse, difor går også tida langsommare dess nærare gravitasjonsfeltet ein er.

Oppdagingane til Einstein blir nå gjerne sett i samanheng med oppdaginga astronomen E. P. Hubble gjorde i California i 1924. Ved å studera stjernehimmelen med eit nytt, stort teleskop, fann han ut at bakgrunnen til universet var forma av galaksar, ikkje av stjerner. I 1929 oppdaga han at desse galaksane fjerna seg frå kvarandre systematisk. Dette streid mot gravitasjonslovene, som seier at lekamar blir tiltrukke av kvarandre. Slik kom teorien om at universet utvider seg. Dersom ein dreg dette vidare, og går ut frå at det alltid har gjort det, får ein den såkalla "Big Bang" - teorien: universet må ha starta med ein "eksplosjon", dvs. universet må ein gong ha vore ein uendeleg tett masse (singularitet), eit tidspunkt der alle fysiske og matematiske lover kollapsar. På den måten får tida ei byrjing (og ein slutt?), nett som i kristen tankegang. Stephen Hawking meiner nå saman med Roger Penrose å ha påvist at Einsteins generelle relativitetsteori har som konsekvens at det er slik 22.

At tida har ein retning blir då også eit eige tema innan fysikk. Stephen Hawking har satt opp tre slike "tidspiler". Den fyrste han nemner, er den termodynamiske, som er bestemt av termodynamikkens andre lov, som seier at uorden (entropi) i universet alltid aukar23. Den andre er den psykologiske tidspil, som vil seia den kjensla menneske har av at "tida går", og som gjer at me kan hugsa fortid, men ikkje framtid. Den tredje er den kosmologiske tidspil, illustrert av at universet ekspanderer.

Hawking meiner å påvisa at desse tidspilane peiker i same retning. Som døme på psykologisk tidspil bruker han minnet i ein datamaskin, fordi han meiner me veit for lite om menneskehugs. For å ordna noko i eit system i datamaskin-minnet må ein bruka ei viss mengd energi for å få til dette (til dømes elektrisitet). Hawking seier at "denne energien spres som varme og øker universets uorden. Man kan påvise at denne økningen av uorden alltid er større enn økningen av orden i selve hukommelsen"24. Dette skal visa at den termodynamiske og den psykologiske tidspil peiker i same retning. Teorien om eit ekspanderande univers, frå "Big Bang" til ein eventuell ende, inneber i seg sjølv ei tidspil, men ekspansjonen går som kjent føre seg i alle retningar - det er ikkje lett å fylgja desse "retningane" Hawking viser til.


1.3 Samfunnsvitskap/historievitskap og tid

Samfunnsvitskap og historie har fyrst og fremst vore opptatt av dei endringane som har funne stad - og framleis finn stad - med omsyn til mennesket sitt medvit om tid. Her kan ein sjølvsagt dela forskinga inn i det tradisjonelle skillet mellom sosiologi og historie, eller synkron versus diakron forsking. På det synkrone området har sosiologi og sosialantropologi konsentrert seg om kva tidsmedvit som er til stades i forskjellige samfunn og kulturar, t.d. er det vanleg å oppfatta tid på ein heilt annan måte i ikkje-moderniserte samfunn. Å skilla for skarpt mellom sosiologi og historie er likevel ikkje mi oppgåve her - det skulle heller ikkje vera naudsynt i dette tilfelle25. Det er meir interessant å sjå på kva nokre representantar for desse vitskapane har hatt å bidra med m.o.t. tidsomgrepet.

Sosiologen Norbert Elias er kanskje den personen som har gitt flest bidrag til teori innan "båe" greinene. Innanfor historiefaget er det særleg dei som har arbeidd innan det mentalitetshistoriske feltet som har nytta hans teoriar, og utviklinga av mennesket sitt tidsomgrep blir ofte sett nettopp som historia om mentalitet.

Elias ser utviklinga av tidsomgrepet i samband med utviklinga av sivilisasjonen - prosjektet hans dreide seg nettopp om å finna ut og skildra kva som kjenneteikner sivilisasjonsprosessen. Medvit om tid innehar alle dei særdrag som ein kan finna att i denne prosessen, noko som gjer tid til eit særleg veleigna tema for sosiologisk/historisk forsking. I si bok Über die Zeit legg Elias vekt på at tid er ein menneskeleg måte å orientera seg på, utvikla gjennom erfaring i ein læreprosess som har gått føre seg gjennom fleire generasjonar. Ettersom det er vanskeleg å gi eksakte definisjonar på kva tid er, nyttar han heller verbalformer av ordet (jf. eng. to time og timing). Det er altså utviklinga av tidsmåling som er objektet for forskinga. I fylgje Elias er heile sivilisasjonsprosessen prega av utviklinga av individuell sjølvkontroll. Tidsmåling er naudsynt for å få synkronisert arbeidsoppgåvene, og blir dermed ein slags tvang som innehar alle karakteristika som kjenneteiknar denne utviklinga. Denne tvangen er alltid til stades, han blir sosialisert inn i det einskilde menneske. Tidstvangen er kulturbestemt, og ikkje noko som er tilstades i alle samfunn. Før ei samordning av arbeidsoppgåvene var naudsynt, t.d. i jeger- og sankarsamfunn, fanst ikkje ein slik tvang. Med jordbruket kom tvangen sterkare inn, men førebels kun ved nokre få viktige punkt som ved såing og hausting. Fyrst når samfunnet blir meir komplekst - for Elias står her ut- viklinga av statssamfunnet sentralt - blir tidsmålinga direkte tvang. Fleire aktivitetar som heng saman eller overlappar kvarandre må samordnast. Tid er for Elias ein sosial institusjon, som i likskap med alle andre sosiale institusjonar er basert på sosial konsensus. Tid har ikkje "uavhengig" eksistens, men er avhengig av menneske i eit samfunn. Elias ser difor ikkje på tid eller tidsmåling som noko som heng saman med fysiske prosessar som går av seg sjølv - klokketid er basert på konsensus på same måte som t.d. språket er det. Det er dette som er tidstvangen - individet må tilpassa si åtferd innan gruppa si vedtatte tid, og dess sterkare nettet av gjensidig avhengigheit er, dess strengare blir den styringa klokkene har over det einskilde individ. Elias seier sjølv at omgrepet tid av mennesket blir sett på to måtar, som kan illustrerast av dei to fysikarane som har kome med to forskjellige paradigme for tid: Newton og Einstein. For Newton var jo tid noko absolutt, uavhengig, medan tid for Einstein er avhengig av observatøren. Elias blir såleis tilhengar av "Einsteiniansk" tid i sosial samanheng: Menneska er samde i korleis ein skal observera tida, og kan difor synkronisera oppgåvene. Elias meiner at omgrepa fortid, nåtid og framtid alltid vil ha forskjellig tyding, ettersom dei omfattar alle dei forhold kvar einskild person har til ein sekvens med forandring. Desse omgrepa har altså med erfaringshorisonten å gjera, og er individbestemte, medan klokketida, eller tidstvangen, har med samfunnet som ein heilskap å gjera. Slik er altså korkje individuelt erfart tid eller sosial tid å rekna som noko absolutt. "Newtoniansk" tid blir dermed ikkje reell på nokon måte for Elias. Forskinga hans på dette område kan nesten seiast å vera relativitetsteorien overført frå fysikk til sosiale samanhengar. I alle høve er Elias sin måte å sjå utviklinga av tidstvang i sosiale relasjonar eit viktig bidrag til mentalitetshistorisk forsking26.

Den som kanskje har hatt størst tyding for å påvisa forskjellige historiske tidsperspektiv er den franske historieforskaren Fernand Braudel. Han rekner med tre forskjellige nivå for historisk tid, tre forskjellige tidsformer. Den første er den han kallar l' histoire de événementielle, hendingane si historie, som er representert ved den tradisjonelle, narrative hendingsfortelling. Det neste nivået er l' histoire conjoncturelle, konjunkturane si historie, historia om dei stadige skiftingane i økonomiske, statlege og sivilisasjonsmessige tilhøve. Det siste, og mest omfattande nivået, er l' histoire structurale. På dette nivået rører dei store strukturane seg - tilhøvet mellom menneske og miljø, som endrar seg langsomt, nivået der geografi og klimaendringar kjem inn i bildet. Det er særleg dette siste nivået som etter Bergsonsk terminologi er blitt kalt la longue durée. Braudel kritiserte Bergson for kun å vera opptatt av hendingshistorie, det fyrste nivået. Han meinte at ein ikkje kunne få med seg dei mange forskjellige kreftene som virkar i historia ved kun å operera med eitt vedvarande nivå for tid. Braudel sa rett nok at den rette måten å studera historie på var å sjå det som ein lang, vedvarande prosess27 pga. at det var den einaste måten å binda historia til samtida. Men han